Hopp til innhold
Attvin renovasjonsbil

Har du flytta, og lurer på kva du må gjer?

Det er heldigvis ikkje så mykje du skal gjer. Men det avhenger av kva du har kjøpt.
Figur

Bygger du ny husstand?

Byggjer du ny bustad må du som huseigar ringe eller sende oss e-post for å bestille avfallsdunker.

Hastar det med å få dunker på plass så gi oss beskjed snarast. Dunkane vil bli utplassert hos deg innan 14 dager, og så fort vi kan.

Ofte stilte spørsmål

Ansvar for lovpålagte tenester

Attvin har ansvaret for den lovpålagte innsamlinga og mottaket av husholdningsavfall.

Selskapet er eigd av Ålesund, Sula, Stranda, Fjord, Sykkylven, Giske, og Vestnes kommune. Gjennom to dotterselskap leverer Attvin tenester knytt til lovpålagt hushaldsrenovasjon på vegne av eigarkommunene, og tenester knytt til næringsrenovasjon.

Attvin handterer avfallsinnsamling for over 100 000 innbyggarar i regionen, og har ansvaret for behandlinga av avfallet etter at det har blitt samla inn. I tillegg til innsamling av avfall driver Attvin 9 miljøstasjonar. 

Den juridiske delen av Attvin som leverer den lovpålagte tenesta blir driven etter sjølvkostprinsippet, og får kun dekt sine faktiske kostnadar gjennom renovasjonsgebyret som alle huseigarar betaler. Vi tilstreber å levere best mogleg teneste for innbyggarane, til lågast mogleg pris.

Steinbruddet i Bingsa. Foto av: Kristin av Kristin Støylen

Organisasjonstruktur og eigarskap

Våre kjerneverdiar

Utolmodig

Utolmod er vår superkraft. Vi brenner for å gjennomføre det vi veit skal til for å nå måla våre, sjølv med rammevilkår som nokre gongar står i vegen. Utolmodet gir oss gjennomslagskraft til å gå framover.

Open

Vi kjenner kundane våre godt, og er ujålete og oppriktig i kommunikasjonen. Vi deler aktivt av vår kunnskap og jobber målretta for å drive selskapet og bransjen framover.

Engasjert

Vi er nysgjerrig og lidenskapeleg i vårt arbeid med å bidra til eit betre samfunn. Vi er faktaorienterte og nøye – og stolt over vår tilnærming til faget.