Hopp til innhold

Farleg avfall

Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlige stoff, og må handterast på ein slik måte at det ikkje lekk ut i naturen og forårsakar skade på mennesker, dyr eller natur.

Miljødirektoratet og Statens strålevern har utvikla ein elektronisk teneste for deklarering av farleg avfall og radioaktivt avfall. Tenesta skal nyttast av verksemder som har plikt til å levere og deklarere avfall, og verksemder som skal påse at avfallet er deklarert.

Pliktene er heimla i avfallsforskrifta sitt kapittel 11 og kapittel 16.

farlig avfall
Deklareringsplikt på farleg avfall
Alle bedrifter som genererar farleg avfall er forplikta til å deklarere og levere dette minst ein gang per år til eit lovleg mottak for farleg avfall.
deklareringsfullmakt

Spar tid med deklareringsfullmakt

Kundane som har gitt Attvin deklareringsfullmakt opplever raskare og meir effektiv behandling på avfallsmottaket. Dette gjerast med eit par klikk.
Avfallet skal leverast i følgjande tilstand
  • Avfallet skal vere elektronisk deklarert, eller ein skal på førehand ha gitt Attvin fullmakt til å deklarere på vegne av verksemda.
  • Avfallet skal vere ferdig sortert og riktig emballert.
  • Avfallet skal vere merka. Det skal tydeleg kome fram kva avfallet inneheld.
  • Asbest må plastpakkast i to lag med plast, og begge lag må teipast, før det kjem til gjenvinningsstasjonen.
  • Det er ikkje mogleg å pakke på gjenvinningsstasjonen. Store mengder må leverast stødig på pall.
Faktura Attvin

Betal ved levering eller bli fakturakunde

Betal med bankkort eller Vipps ved levering. Du kan også bli fakturakunde. Alle fakturakundar blir kredittsjekka.