Hopp til innhold
Attvin renovasjonsbil

Kven er Attvin?

Attvin handterer avfallsinnsamling for over 100 000 innbyggarar i regionen, og har ansvaret for behandlinga av avfallet etter at det har blitt samla inn.

Ansvar for lovpålagte tenester

Attvin har ansvaret for den lovpålagte innsamlinga og mottaket av husholdningsavfall.

Selskapet er eigd av Ålesund, Sula, Stranda, Fjord, Sykkylven, Giske, og Vestnes kommune. Gjennom to dotterselskap leverer Attvin tenester knytt til lovpålagt hushaldsrenovasjon på vegne av eigarkommunene, og tenester knytt til næringsrenovasjon.

Attvin handterer avfallsinnsamling for over 100 000 innbyggarar i regionen, og har ansvaret for behandlinga av avfallet etter at det har blitt samla inn. I tillegg til innsamling av avfall driver Attvin 9 miljøstasjonar. 

Den juridiske delen av Attvin som leverer den lovpålagte tenesta blir driven etter sjølvkostprinsippet, og får kun dekt sine faktiske kostnadar gjennom renovasjonsgebyret som alle huseigarar betaler. Vi tilstreber å levere best mogleg teneste for innbyggarane, til lågast mogleg pris.

kart over området vi opererar i

Vårt geografiske nedslagsfelt

Vi står for den lovpålagte renovasjonstenesta til hushaldningar og fritidsboligar frå ytste øy til inste fjord i alle våre eigarkommunar. .

Attvin visjon

Visjon

Vi gjer avfall om til nye ressursar - for ei sirkulær framtid.
Attvin ikon

Misjon

Med infrastruktur, gode tenester og formidling gjer vi det mogleg for innbyggarar og næringsliv å skape ei sirkulær framtid, i eit godt lokalmiljø.

Våre kjerneverdiar

Utolmodig

Utolmod er vår superkraft. Vi brenner for å gjennomføre det vi veit skal til for å nå måla våre, sjølv med rammevilkår som nokre gongar står i vegen. Utolmodet gir oss gjennomslagskraft til å gå framover.

Open

Vi kjenner kundane våre godt, og er ujålete og oppriktig i kommunikasjonen. Vi deler aktivt av vår kunnskap og jobber målretta for å drive selskapet og bransjen framover.

Engasjert

Vi er nysgjerrig og lidenskapeleg i vårt arbeid med å bidra til eit betre samfunn. Vi er faktaorienterte og nøye – og stolt over vår tilnærming til faget.

Strategihjul

Strategien vår

Vi har utvikla ein strategi for 2024-2025 som skal sikre at selskapet er skodd for utviklinga framover. Vi har identifisert fire satsingsområde som blir særleg viktig for tida framover.

  • Bruke data effektivt
  • Bidra til sirkulære løysingar
  • Ta kontroll
  • Relansere oss sjølve
Ansvarsfordeling Attvin renovasjon
Kven har ansvar for kva?
  • Klima- og miljødepartementet vedtek avfallsforskrifta.
  • Kommunar og verksemder har ansvar for å operere i samsvar med forskrifta.
  • Attvin tilbyr tenester for at desse skal kunne operere i samsvar med forskrifta.
Steinbruddet i Bingsa. Foto av: Kristin av Kristin Støylen

Organisasjonstruktur og eigarskap