Kildesortering på jobben
Det fins mange funksjonelle og estetisk gode løysingar på markedet. Kontakt oss gjerne for gode råd.
Innandørs sorteringsløysing
Eit godt tips er å tenke på bevegelsesmønster i lokale og antall tilsette. Du bør ha ei løysing nærast mogleg der avfallet oppstår, men også legge til rette for best mogleg sorteringsgrad.
Tips?
Kutt restavfallsbøtta ved kontorplassen, og tilby ei løysing for eventuelt papiravfall istaden. Dette gir mindre restavfall og aktiviserer den enkelte med å bidra til sorteringsjobben.
Utandørs avfallsløysing
Påse at du har nok tilgjengeleg areal for utandørs avfallsløysing og at det ikkje er noko som hindrer effektiv tømming av avfall.
Du må som eit minimum ha innsamling av dei avfallstypane du er påkrevd å ha renovasjonsløysinger for, men vi tilbyr innsamling av desse avfallstypane:
- Matavfall (pålagt)
- Plastemballasje (pålagt)
- Restavfall (pålagt)
- Papp, papir og kartong (følger plastemballasje)
- Emballasje av glas og metall
- Smittefarleg avfall
- Papir av sensitiv art til makulering
Alle bedriftskundar er forskjellig og produserer ulik mengde avfall etter kva slags næring dei tilhøyrer.
Ein restaurant har som regel behov for større glas- og metalldunk enn det eit legekontor har. Tenk difor på kva avfall du har mykje av, og kva det er mindre av. Våre rådgivarar hjelper med å finne den optimale løysinga for deg.
Dunkstørrelse påverkar tømmefrekvens. Sidan vi tømmer næringsdunkar på ordinær renovasjonsrute, har vi ein standardfrekvens på tømming for dei ulike avfallstypane.
Du kan sjølvsagt få hyppigare tømmefrekvens enn dette. Vi anbefalar ofte kundar om å begynne med standard tømmefrekvens, og auke ved behov.
Renovatørane våre tømmer fleire hundre avfallsdunkar kvar dag. Avfallsdunkane er tunge, og deler av året vanskeleg å manøvrere.
Plassering av dunkar må vere slik at renovatør enkelt kommer til, og uhindra kan trille dunken til renovasjonsbil.
Både tømmefrekvens og kva du kastar vil påvirke kor mykje avfallet luktar. Noko lukt blir det alltids, men det er fleire ting du kan gjere for å unngå lukt.
- Vask dunkar med jamne mellomrom etter tømming
- Sørg for at brukarar av utstyret gjer sitt for å bidra til ønskja hygienestandard
Det er gunstig og plassbesparande å dele avfallsutstyr med andre. Vi har både bedriftskundar som deler med andre bedrifter og bedriftskundar som deler med husholdningar.
Det du må tenke på er at vi per i dag ikkje kan identifisere kven som har kasta kor mykje i beholdarane. Rapportering av mengde avfall vil difor vere estimert på andre parameter.