Hopp til innhold

Personvernerklæring

Kjære kunde og besøkande på nettsidene våre!

Det er viktig for oss at du kan stole på at alle personopplysningane dine er trygge hos oss. Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knytast til deg som enkeltperson, direkte eller indirekte.

Alle personopplysningar vi har om deg, er opplysningar du sjølv har gitt til oss. Det kan òg vere opplysningar vi har fått frå offentlege instansar for å kunne gi deg dei tenestene du har krav på.

Vi brukar ingen andre opplysningar enn dei vi treng for å utføre arbeidet vårt.

Behandling av personopplysningar i Attvin

Personopplysningar blir samla inn ved at du sjølv gir dei til oss, automatisk, eller som opplysningar frå tredjeparter, til dømes offentlege register.

Formål med behandlinga:

For å kunne levere lovpålagde avfallstenester til privatkundar og avfallstenester til næringskundar. Dette inneber identifisering av kundar, fakturering, kommunikasjon via ulike plattformer, analysar og oppfylling av lovpålagde krav og rapporteringsplikter.

Kva for personopplysningar som blir lagra:

Namn, adresse, fødselsnummer, registreringsnummer, kontaktinformasjon, betalingsinformasjon, IP-adresser, informasjonskapslar (cookies) og annan informasjon som kundar og samarbeidspartnarar sjølve vel å gi oss.

Rettslege grunnlag i personopplysningslova:

Artikkel 6 – behandlingas lovlegheit
Punkt 1 a–f

Artikkel 9 – behandling av særlege kategoriar av personopplysningar
Punkt 2 a

Lagring og sletting

Vi beheld ikkje personopplysningane dine lenger enn nødvendig.

Data blir sletta eller anonymiserte når formålet ikkje lenger er gyldig, og dersom data ikkje fell inn under krav om lagring etter arkivlova.

Deling og sikring av personopplysningar

Vi deler ikkje personopplysningane dine med andre enn våre samarbeidspartnarar, som treng desse opplysningane for å utføre pliktene våre overfor deg, eller med offentlege styresmakter dersom dei ber om det.

Dette kan vere tenesteleverandørar i samband med drift av datasystema våre for å levere Attvin sine avfallstenester, for å kunne utføre fakturerings- og betalingstenester, til rekneskapsformål og krav frå offentlege myndigheiter.

Vi har sikra alle personopplysningane dine med databehandlaravtalar der det er nødvendig. Overføringar til USA er sikra med Data Privacy Framework. Der denne ikkje føreligg, eller ved overføring av data til tredjeland der dette er nødvendig for å levere tenesta vår til deg, er dette sikra med SCC (Standard Contractual Clauses – standardpersonvernbestemmelsar) for dataoverføring utanfor EØS under GDPR.

Dine rettar

Som kunde hos oss har du rettar knytte til personopplysningane dine og korleis vi brukar dei. Personvernlova gir deg følgjande rettar:

  • Har vi samla inn personopplysningane dine med samtykke, kan du trekkje dette tilbake.
  • Rett til innsyn i dine personopplysningar.
  • Rett til retting. Dersom noko er feil, rettar vi det sjølvsagt.
  • Rett til sletting, etter punkt 2.a.
  • Rett til avgrensing. Synest du vi har lagra for mykje? Sei frå!
  • Rett til dataportabilitet. Vil du flytte personopplysningane dine? Det ordnar vi!
  • Rett til å protestere. Er du ueinig i korleis vi brukar opplysningane dine? Sei frå!
  • Rett til å klage. Du kan òg klage til Datatilsynet.

Endringar i personvernerklæringa

Vi oppdaterer denne erklæringa ved behov, og du vil alltid finne den nyaste versjonen på nettsida vår.

Kontaktinformasjon til personvernombodet i Attvin

personvernombud@attvin.no