Tilskot for fleirgongsprodukt for menstruasjon


Enorme avfallsmengder knytt til eingangsprodukt for menstruasjon
Vi bruker omtrent 45 milliarder eingangsprodukt for menstruasjon kvart år på verdensbasis, og produksjonen av desse står for ca. 245.000 tonn CO2-utslepp årleg, ifølgje ein rapport frå NIVA.
I tillegg er mensprodukt den femte største bidragsyteren til plastforureining på kysten i Europa, ifølgje EU-parlamentet, som gjengitt av forskning.no.

Tida er moden for å endre vanar
Butikkhyllene får stadig fleire produkt som utkonkurrerar bind og tampongar på både pris, helse og miljø. Det er tydeleg at vi er klar for å sjå på vanane våre knytt til menstruasjon.
For at fleire skal velgje bort eingangsprodukta til fordel for fleirgongsprodukt, må fleire instansar samarbeide om å auke kunnskapen om desse produkta.

Visste du at pris trumfer miljø og helse ved val av produkt?
Undersøkingar viser at det er pris som er den viktigste faktoren for val av menstruasjonsprodukt. Som renovasjonsselskap jobbar Attvin med ulike tiltak for å redusere avfallsmengda.
No ønskjer vi å bane veg for at enda fleire ser fordelane med å redusere avfallsmengda knytt til menstruasjon.

Attvin først ute med tilskot for fleirgongsprodukt!
- Du kjøper valfritt fleirgangsprodukt.
- Du fyller ut skjemaet nederst på sida, og legg ved kopi av kvittering.
- Du får refundert kostnaden for produkta inntil kr. 1000.
Vilkår for stønad
- Du må vere folkeregistrert i området som Attvin opererar i
- Ein stønad per person
- Max beløp for stønad er på kr. 1000