Spar miljøet og kroner på tøybleietilskot
Vi produserer ulik mengde avfall gjennom ulike periodar i livet. Småbarnsfasen er ei periode der avfallsmengda er høgare enn ellers. Frå å vere noko for dei spesielt interesserte, er tøybleier blitt noko som er aktuelt for stadig fleire. Det er ingen tvil om at bruk av tøybleier gir mindre avfall. Som takk for ditt bidrag i å redusere avfallsmengda gir vi støtte til deg som brukar tøybleier.
Slik søkjer du om tilskot
- Barnet må vere født og under to år når søknad blir sendt inn
- Søknad må sendast etter at bleiene er kjøpt og seinast seks månadar etter at innkjøpet er gjort.
- Du som søkjer må vere folkeregistrert i Ålesundregionen når du søkjer om tilskotet.
- Du kan søke om eitt tilskot per barn
Dette kan du søke støtte til
- Tøybleier du har kjøpt frå norske eller utanlandske butikkar
- Tilbehør til tøybleiebruk, som våtposar, eingongsinnlegg/rispapir og bleiekrokar
- Du kan kun få stønad til tøybleieprodukta. Kostnadar knytt til forsending, som porto, importgebyr eller toll, blir ikkje dekt.
Støtta
- For å få utbetalt tilskotet på tusen kroner, treng vi kvittering som viser at du har kjøpt tøybleier. Fyll ut skjemaet under , legg ved kvittering og send inn skjema.
Fordelar med tøybleier
- Du sparar miljøet og reduserer avfall
- Du sparar pengar
- Det kan forindre bleieutslett og allergiske reaksjonar ettersom dei ikkje innehel kjemikaliar.
- Dei puster meir ein eingangsbleier
- Mindre lukt enn eingangsbleier
- Barnet merkar at det blir vått når dei tissar og det kan føre til tidlegare bleieslutt.
Bleier og bind utgjør i dag den største delen av restavfallet (8,2%) som ikke kan bli materialgjenvunnet. Et barn som bruker engangsbleier produserer 1 tonn bleieavfall i løpet av bleieperioden.. Engangsbleier forbrennes sammen med restavfallet og er dårlig egnet som energigjenvinningsmateriale, da det går med mye energi til å fordampe væska i bleia.
Ved forbenning blir det frigjort CO2 pga. cellulosen og plastmaterialet som engangsbleier består av. Tøybleier har lang levetid og kan brukes gjennom hele bleieperioden.
I en rapport fra det britiske miljøverndepartementet sammenlignes miljøbelastningen fra papirbleier og tøybleier. Hele livsløpet til de ulike typene bleier er tatt i betraktning, fra utvinning av ressurser, produksjon og transport av bleier til sluttbehandling av bleiene som avfall.
Rapporten viser at den gjennomsnittlige engangsbleie-brukeren vil kunne bidra til produksjon av ca. 550 kg CO2, i løpet av hele bleieperioden. Ved bruk av tøybleier vil en kun redusere produksjon av CO2 med 200 kg. dersom en vasker med fulle maskiner, tørker tøybleiene uten bruk av tørketrommel, samt ombruk av bleiene på barn nummer to.
På bakgrunn av dette antas det at bruk av tøybleier gir nærmere 40% lavere klimagassutslipp enn engangsbleier.
Tøybleier kjem i mange ulike former. Startkostnaden ved kjøp av tøybleier er høgare enn ved bruk av eingangsbleier. Med eit tilskot på 1000 kr per bleiebarn ønskjer Attvin å bidra til å senke terskelen for å ta i bruk tøybleier.
Ein gjennomsnittleg norsk baby brukar rundt 5800 bleier før hen er klar for potte eller toalett. For heile bleieperioda tilsvarer dette ein kostnad på mellom 4500 og 13 000 kroner, alt etter kva slags merke barnet brukar, kvar ein handlar og kvar i landet ein bur,
Til samanlikning koster tøybleier for heile bleieperioda mellom 1000 og 6000 kroner, avhengig av type og kvalitet. Prisen for å vaske bleiene vil utgjere ca. kr. 140 i løpet av heile bleieperioda, ved vask med full maskin.
Forbrukeren kan kanskje klare seg med mindre restavfallsbeholdar og dermed spare pengar på lavere renovasjonsgebyr. Ettersom tøybleier kan arves, vil kostnaden for neste barn kunne bli enda lavere.