Hopp til innhold
slamtømming
Slik foregår det.

Slam

Dei aller fleste bustadar og næringsbygg i regionen er tilknytt det kommunale avløpsnettet. Dei som ikkje er det, har eige slamanlegg. Er du blant desse? Dette må du vite.

Slik foregår tømming

Alle slamanlegg skal tømmast med jamne mellomrom. Dette er for å sikre at slam ikkje går ut av anlegget og forurensar naturen rundt. Det er huseigar sitt ansvar å kontrollere at slamtømming blir gjennomført.

1. Vi varslar deg
  • Du får varsel i god tid før tømming, slik at du rekk å gjere klart slamanlegget.
  • Du får oppgitt vekenummer, men ikkje vekedag. Vi ber om forståing for dette da slamtømmer har ei lang arbeidsliste, og tid brukt på kvart anlegg er svært varierande. Det er difor utfordrande for slamtømmer å estimere eksakt dag.
  • Du får og varsel etter at tømming er gjennomført.
dette skal ikkje i do
Psst...
Berre papir og biologisk avfall frå kroppen skal i do.

Dette skal IKKJE i do:

våtserviettar, olje og feitt, bleier, bind/tampongar, snus

2. Du klargjer anlegget
  • Slamanlegget må vere gravd fram og fri for jord eller snø, slik at vi har enkel tilkomst til anlegg og kan tømme som planlagt.
  • Grav også godt rundt lokket slik at det er enklare å løfte av.
  • Ikkje fjern kumlokk i forvegen. Dette for å unngå fallulykker.
  • Du treng ikkje vere heime ved tømming. Slamtømmar tar av kumlokk.
  • OBS: for tunge kumlokk gjeld følgjande reglar:
  1. Det er ditt ansvar å fjerne lokket slik at slamtømmer får tømt tanken.
  2. Sikre område rundt kumlokk godt, dersom du må fjerne lokket før slamtømmer kjem.
3. Du sikrar god tilkomst for tømmebil
  • Tilkomstveg må vere fri for tre og buskas.
  • Vegen må ha ei breidde på 3,5 m og ei fri høgde på 3,5 m.
  • Hugs at dei som kjem for å tømme tanken ikkje veit nøyaktig kvar tanken er plassert. Merk difor plasseringa av tanken godt slik at dei tømmer riktig anlegg. Du kan og markere slamanlegget med ei tydeleg merka stikke.
  • Du får og varsel etter tømming.
Passar ikkje tidspunktet?

Dersom tidspunktet ikkje passar er det viktig at du gir beskjed snarast mogleg. Kontakt oss her.

Dersom du ikkje tar kontakt og slamanlegget ikkje er klart, kan vi ikkje tømme anlegget. Då blir slamanlegget satt opp for tømming på eit seinare tidspunkt, og huseigar må vanlegvis betale eit ekstra gebyr.

Kva skjer ved manglande klargjering?

Om slamanlegget ikkje er klargjort/merka før tømming, eller vi blir forhindra frå å utføre tømminga når vi kjem på plassen, må du likevel betale slamgebyret.

Vakttelefon for slam:

​911 86 260

Ta kontakt på dette telefonnummeret når det verkeleg hastar med å få slamanlegget tømt og du har behov for ekstratømming (f.eks. ved oversvømming). Vakttelefonen er bemanna etter opningstid, i feriar og helgedagar.

NB: Gjeld berre slamtømming.


OBS: I mange tilfelle er det ikkje slamanlegget som er fullt, men hindringar i røra som tettar tilkomsten til tanken. Dette er huseigar sitt ansvar. I såfall må du sørge for at røra er fri for framanedelement. Ta kontakt med røyrleggar om du ikkje kan gjere dette arbeidet sjølv.

slamtømming

Tett tank eller slamavskiljar?

Det fins ulike typar slamanlegg. Her får du vite korleis det fungerar, og kva du skal gjere om du har problem med anlegget ditt.