Hopp til innhold
Sommarjobb i Attvin

To studentar frå NTNU deler sine erfaringar frå sommaren hos Attvin

Gjennom eit samarbeid med NTNU hadde vi gleden av å ta imot to engasjerte studentar i sommar. Målet med prosjektet var å undersøke samanhengen mellom kvaliteten på kildesortering og renovasjonsgebyr, og mellom CO2-utslepp og kostnader.

Thea (22) og Gyda (24) studerer høvesvis operativ maritim leiing og marknadsføring, innovasjon og leiing ved NTNU i Ålesund. Studentane tilbrakte sommaren 2024 som praktikantar hos Attvin.

Med felles interesse for berekraft og miljø var studentane tydeleg på korleis dei ville tilbringe sommaren da denne mogleheita dukka opp.

For Thea og Gyda var det ein sjanse til å bidra til miljøet. Studentane meiner det er viktig at fleire unge tek eit tydeleg miljøstandpunkt. Dei meiner også at dette feltet blir stadig meir attraktivt å jobbe i og med.
"Vi må alle vere med på å forme ei berekraftig framtid, og slike jobbar gir oss moglegheita til å gjere ein reell forskjell", seier jentene.

Optimal kjeldesortering for kostnads- og CO2-besparingar

Noko av det studentane fekk bryne seg på var å undersøke korleis kostnader og CO2-utslepp endrar seg ved optimal kjeldesortering hos innbyggjarane. Gjennom å kartlegge heile behandlingskjeda for avfall samla inn frå hushaldningar, har studentane estimert betydelege besparingar både økonomisk og miljømessig.

I arbeidet har studentane blant anna brukt plukkanalyser frå restavfall, matavfall, plastemballasje, papp og papir, samt glas- og metallemballasje.

Oppgava var omfattande og krevde at dei rekna på utslepp gjennom behandling, heile vegen til sluttpunktet. Dette inkluderer kostnadar og utslepp knytt til både transport, behandling og administrasjon.

Potensialet for utsortering av plast i sorteringshallen

I undersøkte studentane potensialet for utsortering av plast. Denne analysa har avdekt moglegheiter for auka effektivitet og forbetra ressursutnytting i vårt sorteringsanlegg.

Vi trur at dersom innbyggjarane får sjå og høyre desse tala, kan det motivere til meir ansvarleg atferd og reduksjon av miljøpåverknaden.

Thea & Gyda

Vi spurte Thea og Gyda nokre spørsmål

Beskriv dykkar oppfatning av renovasjonsbransjen med ei setning eller to.

Renovasjonsbransjen er ein viktig og undervurdert bransje som fleire burde verdsette meir. Den sørger for at ressursane vi forbruker ikkje går tapt, noko som er ei krevjande og avgjerande oppgåve for ei sirkulær framtid.

Kva spesifikke ferdigheiter eller kunnskapar har dykk utvikla gjennom dette internshipet?

Vi har blitt meir medvitne om vårt eige avfall og forbruk. Vi har jobba systematisk med innhenting av informasjon og fått betre kontroll på det. I tillegg har vi rekna på CO2-utslepp og kostnadsberekningar, noko som har styrka vår analytiske kompetanse.

Kva har vore det mest givande aspektet ved å arbeide med kjeldesortering og plastutfordringa?

Det mest givande har vore å bli meir medvitne om ressursane vi har, og å forstå kor viktig gjenvinning og gjenbruk er. Vi har også blitt meir medvitne om grønvasking og korleis vi kan gjere betre val i kvardagen. Det har vore inspirerande å dele kunnskapen vår med venner og bidra til auka medvit om plastutfordringar.

Kva var den mest overraskande oppdaginga dykk gjorde under internshipet?

Kor effektivt systemet i Ålesund er, men samtidig kor mykje potensial det framleis er i avfallshandteringa i Noreg. Vi trudde meir av arbeidet var automatisert, men har oppdaga at det er mykje manuelt arbeid.

Kva er dykkar planar vidare etter internshipet?

Thea skal starte på master i operativ maritim leiing ved NTNU i Ålesund. Gyda skal fortsette på tredje året av sin bachelor i marknadsføring, innovasjon og leiing, og skal til Madrid på utveksling neste semester.

Har dykk nokre eksempel på korleis arbeidet dykk har gjort kan bidra til forbetringar hos Attvin og for innbyggjarane i regionen?

Vårt arbeid har resultert i konkrete tal som viser korleis innbyggjarane påverkar kostnadar og CO2-utslepp. Vi trur at dersom innbyggjarane får sjå og høyre desse tala, kan det motivere til meir ansvarleg åtferd og redusere miljøpåverknaden.