Hopp til innhold

Kva blir det til?

Vi samlar inn og tar imot avfall frå både bustadar og bedrifter. Men kva skjer eigentleg med det vi samlar inn?

Dessverre fins det enda mage myter om kva som skjer med avfallet vi samlar inn. Dette gjer noko med tilliten til systemet. Så korleis angrip vi det?

Vi i Attvin har trua på at nøkkelen ligg i å spele med opne kort om det vi får til, og det vi ikkje har fått til enno. Her skal du i allefall får vite kva som skjer med det du kastar i dunken din .

Restavfallet er alt det som ikkje høyrer heime i dei andre dunkane. Restavfallet blir køyrt direkte til forbrenning hos Tafjord Kraftvarme på Grautneset.

Der blir det omdanna til fjernvarme og gir oppvarming til bustadar og bygningar i eit område som strekk seg frå Fremmerholen i aust, til Steinvågneset i vest.

Bunnaska frå omnane blir brukt til dekke på deponi eller vegar.