Hopp til innhold
Returkartonglotteriet
Sorteringsjobben du gjer kan gi deg pengar på kontoen

Returkartong­lotteriet

Kvart år deler Grønt Punkt Norge ut pengepremiar for 1.6 millioner kroner i Returkartonglotteriet. Alle som vil kan delta.

Kven kan delta?

Alle som vil kan delta. Det gjeld både barnehagar, skuleklasser, organisasjonar, idrettslag og privatpersonar.
Alle kartongar med namn og nummer på er med i lotteriet.

Kva kan eg vinne?

Fire gangar i året blir det trukket ut ein gevinst på kr. 100.000 og 3o gevinstar på kr. 10.000. Gevinsten er skattefri og for vinnaren til å bruke på det hen vil.

Heilt ærleg. Har eg vinnersjanse?

Ja! Kvart år blir det kåra 124 vinnarar.
Om du ikkje vinn, kan du trøste deg med at miljøet vinn kvar einaste gang du sorterer. Då kan kartongane gjenvinnast og bli til nytt papir.

For kvart tonn papir vi gjenvinner, sparer vi 14 trær. Når vi resirkulerer kartong brukar vi ein fjerdedel av energien som går med på å produsere ny kartong fra tømmer, i følge Grønt Punkt Norge.

Slik deltar du:

  • Skyll og brett
    Skyll kartongen og press den flat.
  • Skriv namn og nummer
    Skriv namn og telefonnummer på den du vil skal vinne. Både barnehagar, skuleklassar, idrettsklubber og privatpersoner kan delta.
  • Kildesorter drikkekartongen
    Sorter kartongen som normalt saman med papp og papir.

Tvi-tvi! Vinnarar blir kontakta av sitt lokale renovasjonsselskap.

Kva slags kartonger kan brukast?

Drikkekartongar fins i alle sørrelsar og og kan innehalde t.d. melk, drikkeyoghurt, kefir, juice, vin, bønner, opphakka tomatar, saus, pudding. Også kartongar for flytande vaske- og skyllemiddel kan brukast som lodd.

Levere enkeltvis eller i klubber?

Det er heilt opp til deg om du vil levere kartongen enkeltvis eller i kubbe. Du er uansett med i trekninga av begge gevinstane.

Korleis foregår trekninga?

Kartongane trekkast på 80 forskjellige stader over heile landet, fire gangar i året. Det blir trukket mellom ein og syv kartongar kvart kvartal - avhengig av innbyggartal. Desse går vidare til nasjonal trekning.

Nasjonal trekning kvart kvartal:

  • 30 vinnarar av 10 000 kroner
  • 1 vinnar av 100 000 kroner

Kva er drikkekartong?

Drikkekartong er kartonger som har inneholdt mat, drikke og hygieneprodukter. Dei har gjerne belegg på innsida, av plast og/eller aluminium.

Drikkekartonger sorterast saman med papiret. Korka kan sitte på.