Hopp til innhold
f

Samarbeid med naboen

Bur du tett? Er det berre nokre få meter frå ditt renovasjonsutstyr til naboen sitt? Då kan samarbeidsrenovasjon vere løysinga for deg.

I tråd med at vi skal utsortere stadig meir frå restavfallet, blir det trongare om plassen utanfor bustadar og langs vegar. Difor ønskjer stadig fleire å snakke med oss om samarbeidsløysingar.

Kva er samarbeidsrenovasjon?

Samarbeidsrenovasjon er når du deler renovasjonssett med ein eller fleire andre kundar som betaler eige renovasjonsgebyr.

Kvifor bør eg vurdere samarbeidsrenovasjon?

Det skal løne seg å samarbeide med naboen.
Difor er det årlege renovasjonsgebyret lågare enn gebyret for standardabonnement.

Det er plassbesparande.
Om 4 einingar i eit rekkehus alle har sitt eige dunkesett, utgjer dette 16 dunkar innanfor ein svært liten radius. Då kan det for eksempel vere betre med 4 litt større dunkar til å erstatte desse.

Kva skal til for å få samarbeidsløysing?

I utgangspunktet treng du kun ein annan samtykkande part som betaler eige renovasjonsgebyr, for å vere kvalifisert til samarbeidsrenovasjon. Så om det er du og nærmaste nabo, heile rekkehuset eller alle husa i gata, så fins det ei løysing som passar.

Samarbeidsdunkar for naboar

Samarbeidsdunkar

  • Passande frå to husstandar og oppover
  • Volum på dunkar må vere tilpassa antall brukarar
  • Brukarar har eit felles ansvar for rett sortering, reinhald og bruk
  • Dunkane må ha god tilgjengelegheit for brukarar
  • Dunkane må vere trilla fram for henting kl 06 på hentedag
Bakkeconteiner i nabolag

Bakkekonteiner

  • Eigna i områder med meir enn 25-30 husstandar
  • Avstand til køyrbar veg bør ikkje vere meir enn tre meter
  • Fri høgde over utstyret bør vere minst ni meter på grunn av tømming
  • Utstyret bør stå der folk naturleg ferdast forbi.
  • Grunneigar må godkjenne plassering av bakkekonteinarane
  • Konteinarane må ikkje stå slik at dei hindrar trafikk
og ferdsel
  • Husstandar som er med på ordninga må levere alt
avfallet sitt til bakkekonteinarane.
nedgravd søppel løysning på utstillingsplassen i ålesund

Avfallsbrønnar

  • Avfallsbrønnar er eigna i område med meir enn 35 husstandar
  • Dei gir betre brannsikkerheit enn avfall plassert i avfallsrom og i oppgangar
  • Dei treng sjeldnare tømming, noko som gir mindre trafikk med renovasjonsbil
  • Avfallsbrønnane er å få i fleire storleikar
  • Avstand til køyrbar veg bør ikkje vere meir enn tre meter
  • Fri høgde over utstyret bør vere minst ni meter på grunn av tømming
  • Etableringskostnad må dekkast av brukarar eller utbyggjer
  • Avfallsbrønnar tek mindre plass og er for mange ansett som finare å sjå på

Slik går du fram

Steg 1:

Vurder tal på hushald

Det første steget er å vurdere kor mange hushald som realistisk kan bruke eit felles samlepunkt. Er det nærmaste nabo? Eller kanskje heile gata?

Steg 2:

Finn eigna plassering

Der er ei rekke føresetnadar for plassering av samlepunkt. Det må vere kort avstand til køyrbar veg, og dermed tilgjengeleg for renovasjonsbil og deg som brukar. Om løysinga krev kranbil må det også vere fri høgde på minst 9 meter.

Steg 3:

Engasjer nabolaget

Snakk med naboar, burettslag, eller sameige for å forstå interessa for eit slikt initiativ. Det er viktig å dele informasjon og samle innspel frå alle involverte for å sikre brei støtte.

Steg 4:

Avklar med grunneigar

Før etablering av samlepunktet, må det avklarast med grunneigar om mogleg plassering. Dette steget er avgjerande for å unngå eventuelle konfliktar eller misforståingar i framtida.

Steg 5:

Kontakt for rådgjeving

Ta kontakt med oss for rådgjeving og eventuell synfaring. Våre ekspertar kan tilby verdifull innsikt og tilrådingar om den beste løysinga basert på ditt spesifikke behov.

Steg 6:

Følg tilråding og planlegg framdrift

Basert på rådgjevinga, vil vi komme med tilrådingar om den mest hensiktsmessige løysinga og framdriftsplanen. Dette inkluderer val av utstyr, implementeringsstrategi, og vedlikehaldsplan.