Tett tank
Tette tankar er mest brukt i hyttefelt og område der det ikkje er lov å ha utslepp. I ein tett tank blir avløp samla opp i tanken. Tanken har ikkje noko utløp, og slammet blir ikkje reinsa.
Tømming av tett tank
Ved tømming av tett tank, blir alt innhaldet i tanken tømt utan retur av reinsa vatn. Om du har ein tett tank, er det viktig å passe på at toalettet ikkje lek. Dette fører til at tanken fyller seg unødvendig fort opp.
Tømmefrekvens tett tank:
- Årleg eller oftare ved behov
Slamavskiljar
Slamavskiljarar er mest brukt for vanlege bustadar. I ein slamavskiljar går alt avløp inn i det første kammeret i slamavskiljaren. Vidare blir slammet separert over i det andre og tredje kammeret der det er utløp.
Tømming av slamavskiljar
Ved tømming blir heile tanken tømt, før reinsa vatn blir returnert tilbake på tanken.
Tømmefrekvens for slamavskiljar:
- Vanleg bustad: minst annankvart år
- Fritidsbustad: minst kvart fjerde år
Har du problem med din tette tank?
Det kan vere fleire grunnar til at du har problem med tett tank. Det er lurt å gjere seg kjent med anlegget ditt slik at det er enklare for deg å feilsøke ved eventuelle problem.
Innløp:
Røra frå huset går i tanken. At toalettet tapper seint ned kan tyde på at røyret er tett eller at tanken er så full, at nivået er høgare enn innløpet.
Nivå i tanken:
Nivået for tett tank varierer etter grad av bruk av toalett, dusj, vask og vaskemaskiner. Det er viktig at fyllingsnivået på tett tank ikkje overstiger innløpet på tanken. Då vil ein få problem med å tappe ned i toalettet. Blir tanken for full vil nivået stige så høgt at det til slutt vil renne over i tanken.
- Løft av lokket på tanken
- Er nivået i tanken opp til innløpet?
- Dersom ja, kontakt Attvin for tømming av tanken.
Slam er eigentleg gjødsel frå menneske. Ved rensing av avløp frå bustadar skiljes forurensa material/stoff ut. Alle slamanlegg må tømmes med jevne mellomrom for å unngå at slam går ut av anlegget og havnar i naturen.
I Norge har vi strenge krav til behandling og bruk av slam. Krava går i hovudsak på innhald av næringsstoff, tungmetall og smitte. Krava til fjerning av bakteriar og andre sjukdomsframkallande organismar er blant dei strengaste i verda.
Faktisk er renseprosessen vår så god at slammet som blir igjen er ein verdifull ressurs for jordforbedring og gjødsling.