Strategi 2024-2025
I strategien for 2023-26 har vi identifisert ei rekke satsingsområde.
Bruke data effektivt
Vi sit på ein stor mengde data gjennom ulike fagsystem. Vi skal jobbe både aleine og saman med andre bransjeaktørar for å standardisere og strukture dataen, slik at den gjer oss istand til å ta innsiktsbaserte avgjersler.
Meir innsikt
Skjerpa krav frå EU og myndigheiter gir behov for meir dokumentasjon og betre innsikt. Vi skal oppgradere fagsystem der det er økonomisk og strategisk hensiktsmessig, og tilrettelegge for fortsatt framtidig digital utvikling.
Kundereisen
Som leverandør av ei lovpålagt offentleg teneste, har vi ei mangfoldig kundegruppe. Blant kundane våre er både små og store bedrifter frå privat og kommunal næring, i tillegg til omkring 100 000 innbyggarar, beståande av høy-digitale, ikkje-digitale og alt i mellom. Mange av innbyggarane kjem frå land der det ikkje fins noko kildesorteringssystem.
Attvin skal ivareta informasjonsbehovet til dei ulike gruppene og sikre ei god kundereise på miljøstasjonen, på websider, i app og i øvrig dialog med Attvin.
Effektive interne prosessar
Attvin skal jobbe med å effektivisere interne prosessar. Gjennom automatisering av analoge og repetitive oppgåver, betre systemløysingar og gode integrasjonar skal vi både kunne levere ei betre teneste til deg som kunde, og sikre betre grensesnitt mellom avdelingane i selskapet.
Redusere teknisk gjeld
Bransjen står ovanfor ei digital omveltning. Difor har vi dei siste åra starta eit arbeid med å bytte ut utdaterte fagsystem med meir framtidsretta og kostnadseffektive løysinger. Dette har vore nødvendig for å effektivisere drift, for å kunne ta innsiktsbaserte avgjersler, og for å kunne gi deg som kunde ei betre teneste.
Bidra til sirkulære løysingar
Attvin skal klargjere anlegg og organisasjon for framtida. I ei tid der stadig meir skal til gjenvinning og gjenbruk, er det behov for å sjå på nye og alternative forretningsmodellar. Det er også behov for å avklare kva rolle selskapet skal ta i arbeidet med avfallsreduksjon.
Når meir skal til gjenvinning eller ombruk har dette påverknad på dei tradisjonelle verdikjedene. Vi skal saman med resten av bransjen sjå på korleis vi kan skape nye verdikjeder av det som i dag blir kategorisert som avfall.
Attvin skal legge til rette for gjenbruk det det er mogleg. Samstundes skal vi jobbe for å finne vår plass i ein marknad der mindre blir avfall. Samstundes skal Attvin aktivt jobbe for å bidra til at meir av ressursane blir utnytta i regionen.
Ta kontroll
Attvin skal levere på stadig strengare krav frå myndigheiter. Samstundes har vi utfordringar knytt til eksisterande anlegg. Attvin skal ta grep for å sikre at vi opererer i samsvar med gjeldande forskrifter og regler. Eit av dei viktigste grepa vi gjer på dette området er å oppgradere vassbehandlingsanlegget. Vi skal også jobbe med sertifiseringer, vedlikehald, økonomisk styring, HMS og vidareutvikling av industrivern.
Relansere oss sjølve
For at vi skal lukkast med å nå utsorteringskrava, må innbyggarar og bedrifter ha tillit til systemet og oss som aktør.
Skal vi få tillit må vi vere open om det vi lukkast med, men og om det vi ikkje får til. Vi skal invitere innbyggarane inn i vektinga av prioriteringene vi gjer for å auke forståinga for kvifor vi gjer som vi gjer.