Utviklingsorientert teknolog søkes

Attvin er i sterk utvikling, på lik linje med renovasjonsbransjen ellers.
Heile bransjen står ovanfor eit stort digitaliseringsløft, og Attvin har kome eit godt stykke på veg i si digitale transformasjon. Gjennom dei siste to åra er det lagt ned mykje godt arbeid, og no er vi på jakt etter din kompetanse for å få best mogleg utbyte av dette arbeidet.
Det ligg enormt mange moglegheiter i verksemda sitt datagrunnlag, og det er difor vi treng deg som både evnar å identifisere og realisere desse moglegheitene. Vi er på jakt etter deg som gjennom kunnskap om digitalisering vil vere med å løfte organisasjonen til å bli mest mogleg datadreven og eigna til å ta innsiktsbaserte strategiske avgjerder.
Som BI-rådgjevar vil du jobbe i grensesnittet mellom forretningsutvikling, økonomi og analyse.
Viktige oppgåver vil vere:
- Hente og bearbeide rådata, og samanstille desse i analyse- og visualiseringsverktøy
- Bidra til å utvikle løysingar for dataflyt og datavarehus
- Dataanalyse for å finne årsaker, avvik og kvalitetsbristar
Vi ser gjerne at du har:
- Relevant høgare teknisk eller administrativ utdanning
- God BI-kompetanse og erfaring frå bruk av BI-verktøy
- Erfaring med å utvikle løysingar for dataflyt og datavarehus
- God forretningsforståing
Personlege eigenskapar:
Attvin ønskjer tilsette som både utfordrar og spelar kollegaene sine gode. Det er likevel nokre personlege eigenskapar som er nødvendige for å fylle denne stillinga:
- Du samarbeider og kommuniserer godt med andre – både kollegaer, kundar og samarbeidspartnarar
- Du er utviklingsorientert med høg gjennomføringsevne
- Du er strategisk, med evne til å sjå utviklingsmoglegheiter for Attvin

Vi tilbyr:
- Moglegheita til å vere med å skape gode løysingar i eit selskap med samfunnskritisk funksjon og over 100 000 kundar
- Ein interessant jobb med eit viktig samfunnsoppdrag
- Svært gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter
- Fleksibel arbeidskvardag
- Gode pensjons- og forsikringsordningar




Er dette deg?
Kjenner du deg igjen i denne annonsen og synes det høyres spennande ut? Då vil vi gjerne høyre frå deg!