Hopp til innhold

Vi gjenopnar Jarnes – no i full regi av Attvin!

Fredag 24. januar kl. 09:00 opnar vi dørene til nyrenoverte Jarnes Miljøstasjon. Sidan stasjonen vart stengd rundt nyttår har Attvin overtatt drifta av stasjonen, i staden for å leige inn eksterne tenester.

Betre flyt - enklare sortering!

Vi har gjort fleire endringar for å forbetre stasjonen. Hovedfokuset har vore å gjere stasjonen meir oversiktleg og effektiv å besøke for deg som kunde.

Flyten er optimalisert, og vi har gjort det enklare å handtere fleire kundar samtidig, slik at du kan korte ned besøkstida.

Ombruksstasjon er og på plass!

Frå kg til kubikk

Ei av dei største endringane er at vi går frå å bruke vekt (kg) til volum (kubikkmeter) når vi reknar avfallet ditt.

Med dette får vi betre flyt for inn- og utkøyring, i tillegg til at det blir enklare å fordele avfallet ditt på ulike kvotar (eks. farleg avfall, elektrisk avfall, hageavfall, pcb-vindu og grovavfall)

Det betyr at du ikkje lenger må køyre fleire rundar over vekta for å gjøre denne kvotefordelinga. Enklare for deg - enklare for oss.

Ein annan fordel er at vi frigjer meir kapasitet til å hjelpe deg med sorteringa.

Nye plasseringer og sorteringsmønster

For å gjere det enklare for deg har vi endra plassering av avfallstypar.

  • Alt grovavfall leverast på første port
  • Hageavfall finn du på baksida som før
  • Elektrisk avfall og farleg avfall har fått eigne stasjonar

Slik gjer du det:

  • Køyr inn i hallen og vent på ein operatør
  • Operatøren registrerer deg og hjelp deg vidare
  • Du sorterer avfallet, og køyrer ut igjen!

Nye opningstider

Opningstidene er òg justerte for å møte behovet.

  • Vi held fortsatt opent på tysdagar
  • Vi har opent fredagar i staden for torsdagar
  • Samtidig kuttar vi ned på antall opne laurdagar, og vi har no tre laurdagar opne før sommaren

Endringene er basert på våre besøkstal, der laurdagar har vist seg å ha lave besøkstal.

Vi ønskjer at det skal vere enkelt å kvitte seg med avfall for alle, og vi vil vurdere opningstidene undervegs for å sjå om det er behov for ytterlegare justeringar basert på antall besøkande.

Hugs å laste ned appen

Attvin-appen er her! Sei farvel til miljøstasjonskortet og få tilgang til heile renovasjonstenesta gjennom Attvin-appen!

Du kan enten bruk appen eller miljøstasjonskortet ditt!
Last ned appen her