
Blant de beste i landet
Takka vere målretta arbeid med å auke kvaliteten i alle ledd, - og innbyggarar som e ein fantastisk kildesorteringsjobb, havnar Attvin på 3. plass i Plastretur sin årlege kvalitetsrevisjon!
Dette er ei stadfesting av at innsatsen vi har lagt ned i drift og informasjon ut til innbyggarane lønner seg. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre rutiner og prosedyrer. Samtidig har vi personell som brenner for å sikre kvalitet i varen dei produserar.
Vi kan jobbe så mykje vil vil med kvalitet og effektivitet i alle ledd, men uansett kva vi gjer er vi avhengig av å ha innbyggarane på laget. Det opplever vi i aller høgste grad at vi har. Vi vil gi ein stor honnør til innbyggarne som med dette viser oss at dei virkeleg har fått inn gode sorteringsvanar - og forståing for at jobben dei gjer heime betyr noko.
Sjølv om vi er svært fornøgd med å vere blant topp tre, har vi framleis ein veg å gå. Planane for korleis vi kan bli enda betre dei kommande åra er klare, og resultatet gjer oss topp motivert til å brette opp armane for det vidare arbeidet.
Nyhetssak fra Grønt Punkt kan leses her.
