Hopp til innhold

Samarbeid for auka tryggleik

I haust har Attvin teke eit nytt steg for å styrkje tryggleiken på anlegget. I tett samarbeid med Spesialistbedriften har vi løfta rømningsplanar, orienteringsplanar og områdeplanar til eit nytt nivå.

Saman har vi utvikla eit heilskapleg planmateriell som gjer det enklare for både tilsette og besøkande å orientere seg – og som sikrar at alle veit kvar dei skal gå dersom ei naudssituasjon skulle oppstå.

Gjennom heile prosessen har samarbeidet vore prega av open dialog, høg fagleg kvalitet og eit felles mål om å skape eit trygt og oversiktleg anlegg. Resultatet er eit komplett planverk som oppfyller krava i Norsk Standard NS 3925. Planane omfattar mellom anna brannteikningar, rømningsplanar og områdeplanar som er tilpassa den daglege drifta – og som samstundes styrkjer beredskapen vår.

– Det nye planmateriellet er eit viktig løft for industrivernet vårt. Vi øver jamleg på realistiske scenario, og dei oppdaterte planane gir endå betre oversikt og tryggleik når det verkeleg gjeld, seier Kjetil Larsen Hagen, leiar for industrivernet i Attvin og avdelingsleiar for HMS og berekraft.

Vi vil rette ei stor takk til Thomas og Matilde i Spesialistbedriften for eit solid samarbeid og høg fagleg kvalitet gjennom heile prosessen. Resultatet er eit planverk vi er stolte av – og som vil bidra til tryggleik i mange år framover.

Kjetil Larsen Hagen og Matilde fra Spesialistbedriften

Matilde fra Spesialistbedriften og Kjetil Larsen Hagen (foto:Lars Andreas Vestre)