Hopp til innhold

Slik måler vi avfallet - Kubikk vs Kg

Visste du at vi har to ulike måtar å måle avfallet du leverer til miljøstasjonane, avhengig av kva stasjon du er på?

Det har vore ein del reaksjonar på endringane som vart gjort på Jarnes miljøstasjon, der vi har gått frå å måle avfall i kilo til kubikk. Mange har stilt spørsmål ved den nye metoden, og vi forstår at endringar kan vere forvirrande. Difor ønskjer vi å forklare konseptet på ein enkel måte, og kvifor dette systemet ikkje er ein ulempe for deg som leverer avfall.

Kvotesystemet enkelt forklart

Som innbyggjar får du ei kvote som gjev deg rett til å levere ei viss mengd avfall utan ekstra kostnad. Kvoten er knytt til eigedomen du eig eller leiger, og følgjer eigedomen. Dette betyr at dersom du kjøper ei eigedom, kan den tidlegare eigaren ha brukt delar av kvoten eller brukt den opp. Kvoten nullstillast kvart år 1. januar.

I 2025 opna vi for at alle som bur på ei eigedom vil få tilgang til ein del av kvoten automatisk i Attvin-appen. Huseigar kan justere kvoten opp eller ned etter behov, og det er også mogleg å dele heile kvoten med den du ønskjer – du deler enkelt via e-post.

Kvota er oppdelt i 5 avfallstypar:

Men kvota er på kilo og ikkje kubikk?

Riktig, vi bruker kilo som utgangspunkt i kvota. Men vi har en omforming.

1 kubikk = 100 kg

Slik måler vi kubikk

Når vi måler i kubikk, tek vi hensyn til både volum og vekt, og vurderer kva som er mest rettferdig for den spesifikke typen avfall. Hvis noko er lett, men tar opp mykje plass (for eksempel ein stor sofa), blir det registrert med eit volum som reflekterer den faktiske vekt etter vårt kvotesystem. Dette gjer at du får eit meir realistisk mål på kor mykje plass avfallet ditt eigentleg tar opp.

For eksempel, 1 kubikkmeter tilsvarer 100 kg, og ein sofa som opptar to kubikkmeter veg vanlegvis mellom 30 og 50 kg. Difor vil den vanlegvis bli registrert som 0,25 eller 0,5 kubikkmeter.

Det er også viktig å merke seg at kubikkmålet gjeld for samanpressa materiale. Til dømes vil ein stor pappeske som ikkje er samanpressa, bli registrert basert på volumet av den samanpressa versjonen, ikkje på den originale størrelsen.

Kubikkmåling er unøyaktig og ikke rettferdig!

Sjølv om vekt kan verke meir nøyaktig, er det fleire faktorar som kan påverke målingane. Ein bilvekt er veldig god på store vekter, men på mindre vekter kan den vere unøyaktig, og det gir ofte mykje justering for oss etterpå fordi folk er ueinige om resultatet. Vi har også tatt i bruk kameraløysingar som kan brukast til å sjekke kva som faktisk var i hengaren dersom det skulle vere feil, men dette tar ofte mykje tid. Vêrforhold som vind, snø og is kan også påverke vekta.

Etter fleire år med kubikkmåling på andre stasjonar har vi funne ut at kubikkmåling er både enklare og like rettferdig som kilomåling. Det gir ein praktisk og nøyaktig måte å vurdere avfallet på, samtidig som det reduserer moglegheita for ueinigheiter og justeringar etterpå.