Suksess for årets SMART Attvin


Det var oppgåva fjerdeklassingane frå Sunnylven, Hessa, Valle, Tennfjord, Solevåg og Valderøy fekk bryne seg på dei første vekene i mai, gjennom SMART Attvin – eit undervisningsprogram vi har vore med å utvikla i samarbeid med Ungt Entreprenørskap.
Så langt har over 400 elevar frå våre eigarkommuner delteke i prosjektet. Kvar deltakarskule har gjennom fire skuledagar jobba med følgjande oppdråg frå oss:

Finn noko heime du ikkje brukar lengre, og lag noko heilt nytt som gir verdi for deg sjølv eller andre.
SMART Attvin er skreddarsydd for elevar på 4. trinn, og bygger på SMART metodikken utarbeida av Ungt Entreprenørskap. Målet er å utfordre og utvikle barna sin evne til å tenke nytt, sjå moglegheitar og samarbeide om løysingar for framtida. SMART Attvin-programmet spesifikt koblar elevane sin kreativitet og nysgjerrigheit med kunnskap om sirkulær tankegang og avfallshandtering. Besøk på ein av våre miljøstasjonar saman med ein teoretisk gjennomgang av korleis det heile heng saman, bidro til både kunnskap og inspirasjon.
"Bedriftsbesøket var kjekt og lærerikt. Elevane har berre gode tilbakemeldingar om eit skikkeleg bra prosjekt"


Ikkje berre var det høgt engasjement og kreative løysingar! Elevane viste forståing for både avfallsproblematikken og for andre store utfordringar i samfunnet. Det var tydeleg at dei ikkje berre skulle løyse oppgåve, men her var det fleire løysingar som viste at både hjertet og hodet var godt kobla på i både valg av problem og gjennom samarbeidet.
På utstillinga var det både overraskande, kreative, morosame og omtenksomme løysingar. Vi nevnar:
- Robotslukaren: roboten som samlar opp, og bryter ned snus og røyk. Laga av blant anna ei steikepanne, rulleskøytehjul og plastrøyr.
- Bi redder verden: løysinga som gjer noko med biene sine stadig mer utfordrande levevilkår. Ved hjelp av blant anna blomsterfrø, ei gammal cd-plate, kasserolle og hageslange tar dei saken i eigne hender.
"Å vere med på dette prosjektet har vore eit høydepunkt i mi karriere!"


Eit givande samarbeid
Samarbeidet med Ungt Entreprenørskap er forankra i eit felles ønske om å sette søkelys på overforbruk og sirkulære løysingar. Gjennom SMART Attvin får barna innsikt i kva avfall eigentlig er, kvifor overforbruk er eit problem, og korleis vi kan tenke nytt rundt ressursbruken vår. Gjennom gruppearbeid har elevene utvikla ferdigheiter innan praktisk problemløysing, og brukt sine kreative evner for å gi gamle gjenstandar nytt liv.

Etter to vellukka gjennomføringsperiodar, kunne vi avslutte denne perioda med ei formell markering av forlenga samarbeid.
På presentasjonsdagen ved Hessa barneskole blei den formelle forlenga samarbeidsavtalen mellom Attvin og Ungt Entreprenørskap, med varigheit til og med skoleåret 2026/2027, signert av dagleg leiarar Øystein Solevåg og Lars Øyvind Baltzersen.
Dette sikrar moglegheiten for å gi enda fleire fjerdeklassingar i regionen sjansen til å delta på ei annleis veke der ombruk, ressursutnytting og samarbeid står i fokus.
Vi i Attvin er glad og stolt over å kunne fortsette dette langsiktige samarbeidet. Saman skal vi dei komande åra nå ut til fleire elevar og bidra til at enda fleire barn lærar verdien av avfallsreduksjon, ombruk, kreativitet og samarbeid. Vi ser fram til dei neste store ideane i SMART Attvin.





