Nye krav for gjenvinning av tekstil
Kvar år kastar nordmenn 49 000 tonn klede og tekstilar i restavfallet. Dette svarar i snitt til rundt 9 kilo per person. Etter eit nytt lovkrav frå EU skal øydelagde klede og tekstilar frå og med i år ikkje lenger gå i restavfallet, men sorterast for seg og gå til materialgjenvinning.
Målet er å sørgje for at mest mogleg klede og tekstilar blir brukt om igjen eller resirkulert, i staden for å ende som restavfall.
Dagleg leiar i Attvin, Øystein Solevåg, er glad for at kleda no skal ut av restavfallet. Han fortel at frå og med måndag 6. januar vil innbyggjarane i Ålesundregionen kunne kjeldesortere øydelagde klede på alle miljøstasjonane til Attvin.
"Det er viktig at tekstilavfallet er tørt og ikkje forureina med maling eller skitt, for at vi skal kunne gjenvinne det," seier Solevåg.
Dette er øydelagte tekstilar:
Reine og tørre klede og tekstilar som er utslitte, holete, flekkete, misfarga, opprevna, eller som av andre årsakar ikkje kan brukast om igjen.
Skitne kle, våte tekstilar, øydelagte sko og madrasser er typiske ting du ikkje sorterer som øydelagte tekstilar.
Slik gjer du det
- Ha ein fast plass der du samler ødelagte kle og tekstilar. Vask kle og tekstiler som er skitne, slik at dei er reine og tørre før innlevering.
- Samle øydelagte tekstilar i ein pose som du knyter godt igjen. Ta med til miljøstasjonen.
- Tekstilar med måling eller skitt som ikkje går vekk, reknast som restavfall og sorterast deretter.
Vi skiljer mellom ulike kategoriar for tekstilhandtering
Tekstiler som kan gjenbrukes kan du fortsette å levere til gjenbruksbutikker eller utplasserte gjenbrukskasser fra Fretex, Fileks eller UFF, evt. selge eller gi bort.
Reine og tørre klede og tekstilar som er utslitte, holete, flekkete, misfarga, opprevna, eller som av andre årsakar ikkje kan brukast om igjen.
- Ha ein fast plass der du samlar øydelagte klede og tekstilar. Vask klede og tekstilar som er skitne, slik at dei er reine og tørre før innlevering.
- Samle reine og tørre øydelagte klede og tekstilar i ein pose som du leverer på miljøstasjonen. Knyt posen godt igjen.
Tekstilar som er våte eller skitne må sorterast som restavfall.