Hopp til innhold

Sorteringsutstyr

Avfallsmengden er ikkje lik gjennom året. I høgtider og etter selskap hender det at avfallsdunken fyller seg opp lenge før neste henting. Då er det bra det fins anna råd enn å oppjustere dunkstørrelse.
På denne sida får du vite korleis du går fram for å få tak i renovasjonsutstyr og sekkar.
bilde av ein ekstrasekk

Ekstrasekk for restavfall

Når avfallsmengden toppar seg etter høgtid og feiringar er det godt med ei nødløysing.
  1. Kjøp ekstrasekk for restavfall
  2. Fyll opp ved behov
  3. Knytt dobbelknute og sett ut på ordinær hentedag.

Pris kr. 62,50. Kostnaden vil komme på di neste rekning for renovasjon.

plastretursekk

Plastretursekk

Det er ingen begrensning på kor mange plastsekkar du kan fylle og få henta på hentedag for papp/papir og plastemballasje.

Tom for sekk?

  1. Knyt ein pose rundt handtaket på dunken ved tømming
  2. Renovatør legg igjen ein rull med sekkar til deg

Ingen ny rull med sekkar? Då har bilen gått tom før den nådde deg. Prøv igjen eller hent på nærmaste miljøstasjon, på Attvin sitt kundesenter eller hos Innbyggartorget i kommunen din.

OBS: knytt alltid dobbel knute på plastsekken.

plastretursekk

Matavfallspose

Matavfallsposane våre er lagd av gjenvunnet plast og skal kun nyttast til matavfall.

Tom for matavfallspose?

  1. Knyt ein matavfallspose rundt handtaket på dunken ved tømming
  2. Renovatør legg igjen ein rull med posar til deg

La ikkje renovatøren igjen noko til deg? Då har bilen gått tom før den nådde deg. Prøv igjen eller hent på nærmaste miljøstasjon, på Attvin sitt kundesenter eller hos Innbyggartorget i kommunen din.

plastretursekk

Matavfallskorg

Er korga øydelagt eller treng du ekstra korg til leietakar?

Vi likar å ha kontroll på renovasjonsutstyret vårt og registrerer difor matavfallskorger på adressa dei er utlevert til. Gi oss beskjed, så gjer vi klar ei matavfallskorg som du kan hente hos oss.

plastretursekk

Behaldar for farleg avfall

Alle husstandar skal ha ei boks for farleg avfall.

I denne sorterer du alt av elektrisk- og farleg avfall. Når den er full tek du den med til miljøstasjonen og tømmer den. Så sikrar vi forsvarleg handtering av ditt farlege avfall. Manglar du behaldar for farleg avfall? Ta kontakt.

plastretursekk

Sekkar til ryddeaksjon

Vil du arrangere strandryddeaksjon?

Takk for at du gjer ei god gjerning for miljøet! Hos oss kan du få posar til strandrydding. Opprett ryddeaksjon på Ryddenorge.no og oppgi denne når du leverar på miljøstasjonen, for fri levering.

Lykke til!