Arrangere ryddeaksjon?
Slik gjer du det
- Gå til RyddeNorge.no og følg stega for å organisere og registrerer ryddeaksjonen din.
- Når du opprettar ryddeaksjonen din får du vite kor du kan hente ryddeutstyr. Du kan hente ryddeutstyr (sekkar og hansker) til strandrydding hos oss.
Ryddetall for 2023
Meir statistikk finn du her
Ofte stilte spørsmål
Aksjonskoden er ein automatisk generert kode for din ryddeaksjon som du får i Rydde. Koden let oss vite at søppelet du leverer er fra ein registrert ryddeaksjon, og er viktig for korleis det blir handtert. Aksjonskoden blir vist inne på din aksjon i Rydde, når du er logga inn. Det er berre aksjonseigarane som ser denne koden.
Å arrangere ei ryddeaksjon kan vere både enkelt og givande. Ved å ta med deg ein søppelsekk og hanskar når du går tur og plukkar opp litt søppel, gjer du ein vesentleg innsats for miljøet på din eigen måte.
Oppfordra kollegaer, venner eller sportslaget ditt til å bidra. Ingen kan ta alt ansvar, men kvar og ein kan bidra litt. Om du ønskjer å ta initiativ til ei større ryddeaksjon, lar Rydde-appen deg organisere dette fleksibelt. Vel område du ønsker å rydde i på kartet, sett ein dato og tid, spesifiser kva slags utstyr som skal brukast, og avgjer om aksjonen skal vere privat eller open.
Rydde-appen tilbyr også ein funksjon for å finne eksisterande aksjonar du kan delta på. Ved å klikke på dei turkise ikonane på kartet får du tilgang til informasjon om dei ulike initiativa og deira arrangørar.
Du kan også kontakte lokale koordinatorar i fylket ditt for å få ei oversikt over organisasjonar som driv med rydding og som kan gi deg nyttige tips og rettleiing for å gjennomføre effektive ryddeaksjonar.