
Lærling i Gjenvinningsfaget
Søk no!
Er du på jakt etter ein jobb der du både får jobbe praktisk, møte folk og bidra til noko viktig? Dette kan vere sjansen din!
Ingen sirkulær økonomi utan gjenvinning av råvare! Gjenvinningsbransjen er meir attraktiv enn nokon gang.
Stadig fleire får augene opp for den høge grada av innovasjon og utvikling som er nødvendig for å oppnå ein meir sirkulær økonomi, og fleire unge ser til gjenvinningsbransjen i valget av yrkesretning.
Få etterspurt kompetanse
Som lærling hjå oss får du ei unik moglegheit til å lære om sirkulær økonomi i praksis, utvikle ferdigheitene dine og sikre deg verdifull erfaring i ein bransje med stor etterspurnad etter dyktige fagfolk.

Dette får du lære:
- Korleis avfall blir til verdifulle ressursar
- Maskinkøyring (gravemaskin, hjullastar, truck)
- Transport og logistikk
- Sortering og behandling av avfall
- Kundekontakt og service
- HMS og tryggleik i praksis
Les meir om faget her: Udir - Gjenvinningsfaget

Arbeidsoppgåver:
- Sørge for at avfall blir sortert og gjenvunne på rett måte
- Ta imot, sortere og emballere farleg avfall
- Hjelpe kundar og veilede besøkande på miljøstasjonen
- Køyre maskiner på anlegget
- Bidra til ein trygg og effektiv arbeidskvardag
- Halde orden på miljøstasjonar

Vi tilbyr:
- Grundig opplæring av erfarne fagfolk
- Gode vilkår, forsikrings- og pensjonsordningar
- Gode moglegheiter for fast jobb etter læretida
- Vidareutvikling, kurs og sertifikater
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer

Kven ser vi etter?
- Du har førarkort klasse B
- Du har gått VG2 teknisk eller tilsvarande
- Du er engasjert, lærevillig og likar fysisk arbeid
- Du trivst med å jobbe ute og saman med andre
- Du kommuniserer godt og gir god service
Vi oppfordrar spesielt kvinner til å søkje – bransjen treng fleire flinke damer!

Arbeidsstad er på Attvin sitt hovedkvarter, Bingsa i Ålesund.

Er dette deg?
Kjenner du deg igjen i annonsa og er nysgjerrig på kva dette kan bli til? Då vil vi gjerne høyre frå deg!


