Hopp til innhold
renovasjonsbil ute å henter søppel

Slik fungerer innsamlings­tenesta

Vi i Norge er heldig som har eit velfungerande system for avfallshandtering. Alt vi kastar er ein bit av jordkloden. Korleis vi gir det tilbake betyr noko.

I takt med at stadig meir skal til gjenvinning, må vi kildesortere meir. Attvin samlar inn avfall frå over 100 000 innbyggarar i regionen. Kildesorteringssystemet vårt er lagt opp for best mogleg kvalitet på avfallet. Det viser seg nemlig at det blir best kvalitet på avfallet om vi har eige dunkar for dei ulike typane.

dunker

Størrelsen på restavfallsdunk avgjer gebyret

Det skal løne seg å kildesortere godt. Difor er det størrelsen og tømmefrekvens på restavfallet ditt som avgjer gebyret du betalar. Avfallsmengda ikkje er lik gjennom dei ulike livsfasane. Prøv deg gjerne fram og sjå kor liten restavfallsdunk du kan klare deg med. Du har også høve til å kjøpe ekstrasekk når avfallet toppar seg, til dømes i høgtider og etter bursdagsfeiringar.

Kvifor bør du bry deg om kvaliteten på avfallet?

Kvaliteten på avfallet vi sender tilgjenvinning har ein direkte effekt på kostnadane våre. Og sidan vi er sjølvkostfinansiert, har kostnadane våre ein effekt på gebyret du betalar. Jo betre kvalitet det er på avfallet vi sender til gjenvinning - dess betre er det for di lommebok.

Vi samlar inn følgande avfallstypar:

matavfall

Matavfall

Matavfall sorterer du i grøn matavfallspose og kastar i matavfallsbehaldar. Matavfallet blir samla inn kvar 2. veke.

Etter innsamling blir det lasta om på Bingsa, før det går vidare til behandling på biogassanlegg på austlandet. Matavfallet blir omdanna til biogass og biorest.

papiremballasje

Papp, papir og kartong

Papp, papir og kartong sorterer du i papirdunk eller papirbehaldar. Dette avfallet blir samla inn saman med plastemballasje kvar 4. veke.

Etterinnsamling blir det sortert og omlasta på Bingsa før det går vidare til gjenvinning i Sverige med tog eller returtransport.

plastemballasje

Plastemballasje

Plastemballasje sorterer du i returplastsekk, og festar på papirdunk til tømmedag kvar 4. veke.

Etter innsamling blir det sortert og omlasta på Bingsa før det går vidare til gjenvinning i Europa (hovudsakleg Tyskland) med tog eller returtransport. Heldigvis kjem det snart eit gjenvinningsanlegg i Norge også.

glasemballasje

Emballasje av glas

Emballasje av glas (merk; emballasje, ikkje produkt av glas) sorterar du laust i dunken for glas- og metallemballasje. Denne blir tømt kvar 10. veke.

Dette går til omlasting på Bingsa før det blir transportert vidare til Sirkel sitt anlegg i Fredrikstad. Der blir avfallstypane skilt frå kvarandre og gjenvunnet til nye råmateriale.

metallemballasje

Emballasje av metall

Emballasje av metall (merk; emballasje, ikke produkt av metall) sorterar du laust i dunken for glas- og metallemballasje. Denne blir tømt kvar 10. veke.

Dette går til omlasting på Bingsa før det blir transportert vidare til Sirkel sitt anlegg i Fredrikstad. Der blir avfallstypane skilt frå kvarandre og gjenvunnet til nye råmateriale.

restavfall

Restavfall

Restavfall er det du sit igjen med når alt anna er utsortert. Restavfallet blir tømt kvar 2. veke (kvar 4. veke for redusert eller kompost-abonnement).

Det er størrelsen på restavfallsdunken din og hentrefrekvens som bestem størrelsen på gebyret. Det kan difor lønne seg å kildesortere godt.

Restavfallet blir frakta direkte til Tafjord Kraftvarme sitt forbenningsanlegg på Grautneset i Ålesund. Der blir det gjort om til fjernvarme i eit ledningsnett som strekk seg frå Fremmeholen i aust til Steinvågneset i vest.

samarbeidsrenovasjon

Spar areal og kroner på samarbeids­renovasjon

Meir kildesortering krev meir areal. Som følgje av dette er det stadig fleire som samarbeidar om avfallsdunkar, eller får med resten av nabolaget på større fellesløysingar som nedgravde avfallsbrønnar eller bunntømte bakkeconteinarar.