
Vårryddedagen 2025
Lørdag 22. mars 2025, rydder vi saman! Vårryddedagen er ein nasjonal dugnad for å fjerne søppel frå strender, stiar, skog og nærområde – før naturen vaknar til liv. Kvart år samlar tusenvis av frivillige seg for å rydde opp i forsøpling og verne om dyrelivet, spesielt fuglane som snart skal hekke.

Søppelet som ligg ute i naturen er ikkje berre stygt å sjå på – det er også skadeleg for både dyr og miljø. Plast og anna avfall kan bli liggande i fleire tiår, og havet, elvar og innsjøar er spesielt utsette. Ved å bli med på Vårryddedagen er du med på å gjere ein forskjell for naturen, og saman hindrar vi at meir avfall hamnar der det ikkje høyrer heime.
Ønsker du å bli med å rydde?
- Finn en ryddeaksjon: I arrangementskalenderen på holdnorgerent.no eller på ryddenorge.no, kan du finne ryddeaksjoner.
- Arranger selv: Samle venner, familie, eller kolleger og gjør en innsats for naturen.
- Rydd lokalt: Strender, elver, innsjøer, holmer og byrom trenger din innsats – bare vær varsom med områder der fuglene hekker.

Ryddeutstyr
- Vi deler ut hansker og poser til ryddeaksjoner! Kom innom kundesenteret i Bingsa, du finn oss ved neste avkjørsel etter miljøstasjonen.
Levering av avfall etter ryddeaksjon
Ved mindre ryddeaksjonar kan du gjerne kaste søppelet i din eigen avfallsdunk heime, eller på en nedgravd/containerløysning merket med Attvin/Årim så lenge det er plass. Skal du derimot i gang med ein større ryddeaksjon, er det viktig å ha ein god plan for korleis avfallet skal leverast og handterast.
Vi tek imot avfall frå ryddeaksjonar utan kostnad, men det er viktig at aksjonen vert registrert i Rydde (Rydde.no). Alle som registrerer ein aksjon får gratis levering hos oss. Det er enkelt å opprette ein brukar og registrere ein aksjon – det tek berre nokre minutt, og er heilt gratis.
Husk å oppgi aksjonskoden fra ryddeaksjonen når du leverer avfallet ved ein av våre miljøstasjonar.