Hopp til innhold
Våren 2025 kan heile regionens 4. klassingar søke om å delta på SMART Attvin!

Vi gjentar suksessen med SMART Attvin

I samarbeid med Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal har vi utvikla eit nytt tverrfagleg prosjekt, SMART Attvin. Målgruppa er alle 4. klassingar i Attvin sine eigarkommunar; Fjord, Giske, Haram, Vestnes, Stranda, Sula, Sykkylven og Ålesund.

Kva er målet med SMART Attvin?

Målet er at elevane skal få øving i kreativ problemløysing og innovasjon, og bli meir bevisst på eige forbruk og gjenbruk.

Slik foregår det

I løpet av fire dagar i vekene 19 og 20, skal elevane nytte seg av Ungt Entreprenørskap sin SMART-metodikk, der dei skal finne løysingar på eit oppdrag frå Attvin.

  • Elevane vil bli utfordra på korleis dei kan tenke meir berekraftig når det kjem til eige og andre sitt forbruk og korleis dei kan skape ny verdi av gamle ting.
  • Elevane blir i løpet av prosjektveka invitert til bedriftsbesøk på ein av Attvin sine miljøstasjonar, der dei vil få omvisning og fagleg påfyll.
  • Det heile blir avslutta med ein presentasjonsdag, der elevane skal få vise fram sine kreative og innovative løysingar.

Begrensa plassar

Det er begrensa med plassar, så her er det lurt å vise interesse raskt. Invitasjon er sendt til alle skular med link til deltaking.

Tips gjerne lærar om du er forelder og ønskjer at skuleklassa til din 4. klassing skal delta.

Vellukka pilot

I oktober gjennomførte vi den første SMART Attvin. Dette blei ein stor suksess. Tilbakemeldingar frå lærarar og elevar var at dette var ei lærerik oppleving, og at det var inspirerande med ei heil annleis veke på skulen.

SMART Attvin - Teori
«Dette har vært en veldig kjekk uke både for elever og lærere. Det har vært lærerikt, og inspirerende med en helt annerledes uke. Vil absolutt anbefale andre å delta på dette.»
Påmelding?
Det er lærar som melder på si skuleklasse.