Hopp til innhold
Hjelp renovatøren trygt fram

Snø og glatt føre?

Renovatørane er ute i all slags vêr, også når vinteren viser seg frå si mest utfordrande side. Ved å gjere det enkelt å kome til avfallsdunkane, kan du bidra til ein tryggare arbeidskvardag for renovatørane og ei smidig renovasjon gjennom vinteren. Her er nokre tips til kva du kan gjere før tømmedagen.

Før renovatøren kjem:

  • Måk rundt dunkane. Fjern snø slik at det er plass til å kome til og trille dunkane.
  • Måk heilt fram til vegen. Hugs å fjerne brøytekanten dersom han stenger vegen for dunken.
  • Strø der det er glatt. Sørg for at det er trygt å gå og trille mellom dunkane og staden der renovasjonsbilen stoppar.
  • Børst snø av lokka. Sjekk også at lokka og dunkane ikkje har frose fast.
  • Hald vegen fri. Pass på at parkerte bilar og andre hindringar ikkje stenger for renovasjonsbilen.
Når avfallet frys fast.

I kulda kan særleg fuktig matavfall fryse fast i dunken. Då kan det bli liggande igjen når dunken blir tømt.

Knyt den grøne matavfallsposen godt igjen før du legg han i matavfallsdunken. Du kan også legge litt avispapir eller ein eggekartong i botnen av dunken for å trekke til seg fukt. Sjekk gjerne før tømmedagen om posar har frose fast, og løsne dei forsiktig ved behov.

Takk for at du måkar og strør!

Små grep heime hos deg bidreg til ein tryggare arbeidsdag for renovatøren og ei enklare tømming gjennom vinteren.