Knust kaffikanne?
Kaffetrakter
Avfallsminimering
Om kaffien kjem ut svak eller bitter, treng kanskje kaffitraktaren berre ein reingjering.
Slik reingjer du kaffitraktaren:
- Fyll kaffikanna med 2 koppar klar eddik og 1 kopp vatn
- Hell blandinga i vatnkammeret og sett inn kaffifilter
- Slå på kaffitraktaren og kjør ein full runde
- Skift filter og kjør reint vatn gjennom maskina i to fulle rundar (skift filter før runde 2)
Kjelde: Ta vare på det du har
Fungerer ikkje kaffitraktaren som den skal kan du sjekke moglegheit for reparasjon hos produsenten eller der du kjøpte den. Husk å sjekke kor lang garantien på kaffitraktaren er, nokon produsentar har 5 års garanti. Og husk at du har 2 års reklamasjonsrett.
Har du ikkje bruk for kaffitraktaren lenger kan du selje eller gje den bort på finn.no, eller levere den til eit loppemarknad.
Greit å vite
Elektriske produkt inneheld råvarer det er krevjande å utvinne, og mange er det begrensa av. Mange råvarer vert henta ut fra gruver på andre kontinenter og det er det store utslepp forbunde med utvinning.
Elektronikk blir levert gratis til alle butikkar som sel same type produkt, uavhengig av merke, eller til næraste gjenvinningsstasjon.