
Kjeldesortering på hytta

Kommunen er pålagt å samle inn hushaldsavfall frå alle bustader, også fritidsbustaden din. For dette betalar du eit gebyr som skal dekke kostnadane Attvin har ved å utføre tenestene.
Ikkje meir. Ikkje mindre.
Kva dekker gebyret for fritidsrenovasjon?
Gebyret du betalar dekker innsamlingstenesta og "fri" levering av miljøstasjonsavfall på inntil 200 kg. på alle Attvins miljøstasjonar.
OBS: For at tilbodet skal fungere best mogleg, fins det nokre viktige køyrereglar. Desse kan du sjå nederst på denne sida eller her.

Korleis leverer eg på miljøtasjonen?
Bruk Attvin-appen eller miljøstasjonskort for å levere på miljøstasjonen. Om du har brukt opp kvota, eller ikkje har kundekonto, må du betale ved levering.

Kor får eg tak i utstyr?
Sekker og posar til sortering av plastembllasje og matavfall finn du i sekkebehaldar på samlepunktet.
Korger, poser til matavfall og sekkar til plastemballasje får du også tak i på nærmaste servicekontor. Boks til farleg avfall kan du bestille kostnadsfritt frå oss.
Godt samarbeid = god tjeneste
Oppgåva til Attvin er å gi eit best mogleg renovasjonstilbod til lågast mogleg pris. Vi ønskjer også at du skal oppleve tenestene våre som gode. Då er vi avhengig av at du bidreg ved å:
- Kjeldesortere så godt du kan.
- Levere ditt sorterte avfall på samlepunkt for hytteavfall. Dette fører ofte til at du må frakte avfallet mykje lengre enn det du må heime.
- Bidra til å halde samlepunktet fritt for forsøpling, og melde frå til Attvin om eventuell forsøpling. Hjelp også hyttenaboane dine til å vere like oppmerksam som deg.
Det kostar mykje å rydde opp i dårleg sortering og forsøpling på samlepunkt for hytteavfall. Og rekninga? Den er det du og dei andre hytteeigarane som tek. Og miljøet.🌍
Kva skal eg sortere?
Matavfall
Det aller beste er å spise opp maten, men det som du ikkje kan spise, skal sorterast som matavfall. OBS: Fjern innpakning og emballasje før du kastar.
Matavfallet blir lasta om på Bingsa før det blir frakta videre til Mjøsanlegget, eit biogassanlegg på Lillehammer. Når biogassanlegget på Sunnmøre står ferdig, etter planen i løpet av 2026, vil matavfallet bli levert hit.
Emballasje av plast
All plastemballasje, både mjuk og hard plast, skal sorterast. I dag ser Attvin at for mykje plast blir kasta i restavfallet. Her viser resultata tydeleg at vi kan bli betre. Tek du oppfordringa?
Plastavfallet blir pressa i ballar på Bingsa. Desse plastballane blir sendt vidare til eigne plastsorteringsanlegg. Tidlegare har plasten i stor grad gått til plastsorteringsanlegg i utlandet, men hausten 2025 opnar endeleg eit sorteringsanlegg for plastavfall i Indre Østfold.
Emballasje av glas
Emballasje av glas sorterer du saman med metallemballasje. Merk at det berre er emballasje av glas, som syltetøyglas og glasflasker, som skal leverast på samlepunlta for hytteavfall. Vindusglas og anna glasavfall må du levere på ein gjenvinningsstasjon.
Glasemballasjen blir lasta om på Bingsa før det blir frakta videre til Sirkel sitt anlegg i Fredrikstad, der det blir skilt frå metallet og separert i ulike strøymar etter kva farge glaset har.
Emballasje av metall
Emballasje av metall sorterer du saman med glasemballasje. Merk at det berre er metalemballasje, som hermetikkboksar og aluminiumsfolie, som skal leverast på ein gjenvinningsstasjon.
Metallemballasjen blir lasta om på Bingsa før det blir frakta vidare til Sirkel sitt anlegg i Fredrikstad, der det blir separert frå glaset, og til slutt går til Norsk Metallgjenvinning.
Papp, papir og kartong
Trykk pappen flat før du kastar den, så rommar behaldaren meir. Og du? hugs namn og telefonnummer på drikkekartongen, så er du med i returkartonglotteriet og kan vinne opp til 100 000 kroner.
Pappen og papiret blir pressa i ballar på Bingsa. Desse ballane blir frakta med båt frå Ålesund til papirfabrikkar i Nederland der materiale blir til nytt papir og kartong.
Restavfall
Restavfall er det du sit igjen med etter at alt er utsortert. Alt restavfall blir levert direkte til lokal energigjenvinning på Tafjord Kraftvarme sitt anlegg i Ålesund.
Hent matavfallsposar og sekker til plastemballasje i sekkebehaldar ved avfallspunktet ditt. Er der tomt, eller manglar punktet behaldar? Gi beskjed så ordnar vi det så snart vi kan. I mellomtida kan du også finne utstyr på nærmaste servicetorg eller på våre gjenvinningsstasjonar.
OBS: Posar og sekkar må berre brukast til avfallstypen dei er berekna for.

Kommunane har eit lovkrav om å leggje til rette for kjeldesortering av alt hushaldsavfall i Noreg. Kravet gjeld ikkje berre for heilårsbustader. Avfall frå fritidsbustadar og hytter er også hushaldsavfall som skal kjeldesorterast.
Attvin har ansvaret for å levere det lovpålagde kjeldesorteringstilbodet i dei åtte kommunane som eig selskapet. Attvin sørger difor fo at hytteeigarar har tilgjengeleg utstyr for kjeldesortering, for å hente kjeldesortert avfall på samlepunkta for hytteavfall og for å drive ni gjenvinningsstasjonar der hytteeigarar kan levere avfallet som ikkje kan leverast på samlepunkta.
Viktige mål med hytterenovasjon er å unngå forureining, avfall i naturen og bålbrenning av avfall. Hytterenovasjon er eit tilbod som gjer det enkelt å kvitte seg med avfallet på ein trygg måte.
Alle som eig eit bygg som er registrert som hytte eller fritidsbustad, får krav om å betale fritidsrenovasjon.
Kommunen har fritatt enkelte mindre områder frå å betale renovasjonsgebyr. Kva område dette er kjem fram i den enkelte kommune si renovasjonsforskrift. Dei som har hytte i områda som ikkje har renovasjonsplikt må framleis levere avfallet sitt til godkjente mottak, men dei kan ikkje nytte samlepunkta for hytteavfall, og dei må betale når dei leverer avfall til gjenvinningsstasjonane.
Attvin har ingen innsikt i korleis, eller kor ofte du bruker hytta di. Hytterenovasjon er som ei spleiseordning for dei som har hytter eller andre typar fritidsbustader, der alle betalar likt uavhengig av bruk. Attvin har lagt vekt på å lage eit så rasjonelt og enkelt tilbod som mogleg. Difor kan vi ikkje tilby skreddarsydde løysingar.
Samlepunkta er i stor grad plassert i nærleiken av større hyttefelt, eller langs vegen der folk køyrer heim frå hytta. For å få lov til å plassere ut konteinarar for avfall, må Attvin ha avtale med grunneigar. Det får vi ikkje alle stader.
På eit samlepunkt for avfall skal du som hytteeigar kjeldesortere både matavfall, plast, glas- og metallemballasje og papp og papir. Samstundes må vi sikre at det er trygt både for deg som skal sortere avfallet og for renovasjonsbilen som skal tømme dei ulike oppsamlingseiningane. Eit samlepunkt for hytteavfall tek difor litt plass.
Vi arbeider for å tilpasse og betre tilbodet til hytteeigane. Samtidig må vi passe på å ikkje fordyre ordninga. Her er det viktig med eit godt samarbeid og konstruktive tilbakemeldingar og innspel frå hytteeigarar.
Nei. Tenestene Attvin er ansvarlege for er sjølvkosttenester. Det vil seie at vi tek betalt for det tenesta kostar, - ikkje meir, ikkje mindre. Det er ingen som tener på dette, verken Attvin eller kommunen. Hushaldsrenovasjon påverkar heller ikkje andre delar av kommunen sin økonomi.
Renovasjonsforskrifta gir enkelte eigarar høve til å søke om fritak. Om du kan dokumentere at hytta står til nedfalls, kan du rekne med å få fritak.
Merk at sjeldan bruk av hytta eller liten produksjon av avfall, storleik på hytta og avstand til samlepunkt ikkje gir grunnlag for fritak.
Om du meiner du har grunn til å få fritak frå hytterenovasjon vil du få klagen behandla hos Attvin. Dersom Attvin er i tvil om søknaden gir rett til fritak, eller søkar klager på vedtaket, blir klagen sendt til eit eige interkommunalt klageutval som behandlar klagen.
Sjå oversikt for hyttepunkt her. Hugs at det ikkje er tillat for uvedkommande å bruke desse punkta.
Bruk Attvin-appen eller miljøstasjonskort for å levere på miljøstasjonen. Om du har brukt opp kvota, eller ikkje har kundekonto, må du betale ved levering.

Køyrereglar for fritidsrenovasjon
Det kostar mykje å rydde opp i dårleg sortering og forsøpling på samlepunkt for hytteavfall. Og rekninga? Den er det du og dei andre hytteeigarane som tek gjennom auka gebyr. Og miljøet.🌍
Nokre køyrereglar for samlepunkta for hytteavfall:
- Tilbodet er forbehaldt eigarar og brukarar av fritidsbustader.
- Tilbodet gjeld berre for hushaldsavfall som det er oppsamlingsløysingar for på staden.
- Avfallet som skal kastast må passe i opningene på oppsamlingseiningane.
- Matavfallsposar og plastretursekkar skal ikkje misbrukast, men brukast for avfallstypane dei er produsert for.
- Samlepunkta er ikkje ein gjenvinningsstasjon for alle typar avfall. Avfall som ikkje høyrer heime i oppsamlingseiningane tek du med til ein av dei ni gjenvinningsstasjonane til Attvin.
- Misbruk og forsøpling er ulovleg og kan bli meldt til Politiet.
- Dersom eit anlegg gjentatte gangar må ryddast, og tiltak for å løyse problemet ikkje verkar, kan Attvin avvikle punktet.
- Det er eit felles ansvar å sikre at tilbodet fungerer.

Tips for enkel sortering på hytta
Vi har boks for farleg avfall og korg for matavfall om du vil ha det. Samtidig veit vi at du som hytteeigar vil ha mest mogleg ut av arealet ditt. Det betyr ikkje at du kan velge å ikkje kjeldesortere. Men vi trur at du sjølv er den beste til å vurdere kva slags løysing som vil passe best for hytta di.
Vi kan imidlertid bidra med eit par tips til korleis du enklast mogleg kan lukkast med kjeldesorteringa på hytta.
Lag system
Sorteringa blir mykje enklare med eit godt system. Vi legg oss ikkje opp i om du brukar plastposar, pappkasser, bøtter eller har eit flunkande nytt hyttekjøkken med integrert sorteringsløysing. Det viktigaste er at du sorterer så godt du kan, for la det ikkje vere nokon tvil: Det du sorterer, gjenvinner vi!
Batteri
Batteri er kategorisert som farleg avfall, og det med god grunn. Desse utgjer ei stor brannfare og må ikkje kastast som restavfal. Bruk syltetøyglas for å oppbevare brukte batteri, før du tek det med til miljøstasjonen.
Hent matavfallsposar og sekkar til plastemballasje i posekassa ved samlepunktet ditt. Er der tomt? Gi beskjed så fyllar vi på så snart vi kan. I mellomtida kan du også finne utstyr på nærmaste servicetorg eller på våre miljøstasjonar.